top of page

Kompetanseheving og desentralisert utdanning

Me jobbar for å legge til rette for eit fleksibelt utdanningstilbod i regionen. Målsetjinga er å etablere eit kompetansesenter som samarbeider med utdanningsinstitusjonar, fylket, NAV og andre naturlege samarbeidspartar, om formell utdanning.

Dette er eit samarbeid i og for heile regionen Voss/Hardanger og Kvinnherad. Me ynskjer primært å jobbe for formell utdanning lokalt, både på fagskule- og høgskulenivå. I dette arbeidet er det viktig med god kommunikasjon med alle verksemdene, slik at me kan jobbe for studietilbod som er naudsynte, framtidsretta og sikrar arbeidsplassar i regionen.

Me vil vere eit talerøyr på vegne av næringslivet for å sikre at regionen har tilgang på den kompetansen næringslivet treng, både på kort og lang sikt. Dette heng naturlegvis tett saman med kartlegging, rekruttering og kompetansehevande tiltak. Men arbeidet med utdanning vert retta mot formelle utdanningar i regi av utdanningsinstitusjonar. Me vil jobbe for fleksible og tilpassa utdanningar for oss som bur i regionen og nær der me bur.

For å få på plass relevante studietilbod, er me heilt avhengig av tilbakemeldingar frå dykk. I den samanheng har vi laga eit spørjeskjema vi ynskjer de skal fylle ut. Undersøkjinga tek om lag seks minutt å svare på. 

Lenkje til spørjeundersøking 

Resultata frå undersøkinga vil danne grunnlaget for vårt vidare arbeid inn mot utdanningsinstitusjonane og andre tilbydarar. Det er viktig at de både tenker på no-situasjonen og framtidig situasjon for dykkar bedrift.

  

Studiar 2022

Bransjemodular- Industrifagskulen

Fagskulen Vestland tilbyr bransjemodular og korte utdannningar for industrien. Utdanningane er nettbaserte med digitale samlingar.

bottom of page