top of page

Prosjekt Hydrogenvegen AS

Oppdatert: 31. jan. 2021


Hydrogenvegen AS er eit stort samarbeidsprosjekt mellom dei tre kommunane Ullensvang, Notodden og Kvinnherad. Visjonen bak prosjektet er at det skal bli grønare å køyre på ein av dei store hovudvegene mellom Austlandet og Vestlandet. Hovudmålet bak visjonen er klimakutt og satsing på grøn næring.


Øyvind Stueland frå Næringshagen i Odda har gått inn som dagleg leiar, mens ordførerane for dei tre kommunane har gått inn som styremedlem.


Dei tre kommunane vil bistå med ulik arbeidskraft innen produksjon, distribusjon og bruk av hydrogen. Kvinnherad har ambisjonar om storskalaproduksjon av flytande hydrogen gjennom vasskraft. Notodden har saman med NEL etablert seg som ein leverandør av hydrogenteknologi. Mens i Ullensvang jobbar smelteverket TIZIR for å erstatte kol til hydrogen i ilmenittproduksjonen. Dersom prosjektet går som ynskt så vil det om få år vere ei full verdikjede for grøn hydrogen utan klimagassutslepp mellom dei tre kommunane. Det er derfor ikkje unnaturleg at dei saman engasjerer seg for overgang til hydrogen.


Hydrogenvegen AS kjem derfor til å jobbe med å få på plass hydrogenstasjoner langs vegstrekningen mellom aust og vest, samt i dei tre kommunane. Dei kjem til å organisere ein stor bestilling av hydrogenbilar til kommune, næringsliv og privat for å vise at dei har trua på satsinga og ein grønare kvardag.

93 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page