BEDRIFTSUTVIKLING

Hovudoppgåva vår er å rettleiia innan ulike fagfelt til di bedrift slik at de får den hjelpa som trengst ved endring og utvikling i bedrifta. Våre forretningsrådgjevarar kan bistå som prosessleiarar i en kort og intensiv periode, eller følgje selskapet tett over lengre tid.  

Våre tenester:

Innleid leiing

Blir det for mykje for bedrifta eller styret å sitje på leiaransvaret, eller tar det for lang tid å finne den rette tilsette?

Vi tilbyr mogleigheiten for innleid leiing, samt konsulenthjelp. Vi har erfarne rådgjevarar med leiar- og økonomibakgrunn med erfaring frå næringslivet.

 

Organisasjonar som nyttar NH Odda som innleid leiing er t.d. Stiftinga for Høgskulen i Hardanger, Hardanger Industri, Hydrogenvegen, Trainee Indre Hordaland/Fremtidsfylket og Røldal næringsfond 

Kompetanseheving og møteplass

Vi tilbyr kompetanseheving gjennom kurs, seminarer og workshops. Dette gir oss felles møteplassar der vi kan utfordra og inspirera kvarandre, samt knytta nye kontaktar som kan føre til fremtidige samarbeid og initiativ.

Søknadar

Vi kan bistå bedrifter som skal skriva søknadar. Vi er behjelpelig med å overhalde fristar og utarbeiding av plan i søknadsprosessen. 

Vi kan vera kontaktpunktet mellom bedrifta og relevant nettverk, og kan følgja opp søknadsprosessen for å sikre framdrift

Prosjektleiing

Framtidig verdiskaping kjem til gjennom blant anna nye initiativ i etablerte og nye bedrifter. Har di bedrift behov for hjelp med gjennomføring eller ledelse av prosjekt?

Me kan tilby: Organisering av prosjekt, strategisk rettleiing, planlegging og gjennomføring og andre prosesser knyttet til prosjektet.

Marknadsføring

Iintern og ekstern marknadsføring er svært viktig for å verdiskaping. Treng di bedrift hjelp med å sette opp marknadsføringsplan eller til gjennomføring av marknadsstrategi?

Vi tilbyr bistand til: marknadsplanlegging, oppsett og innhald av marknadsføringsplan, sosiale medier, innhaldsproduksjon og merkevarebygging.

Kompetanseheving

Vi tilbyr kompetanseheving gjennom kurs, seminar og workshops. Dette gir oss ein felles møteplass kor vi ynskje å motivere, inspirere og utfordre deg og di bedrift til å tenkje nytt. Det gjer også mogleigheiten til å knytte nye kontakter som kan skape nye og fremtidige samarbeid. 

Økonomi

Å ha gode rutinar og oversikt på økonomien er svært sentralt for styring av bedrifter. 

 

Er du kjend med kva som skal vere med for å setje opp eit godt budsjett? Korleis skal ein analysere inntekter og kostnadar? Har du forståelse for internkontroll og rutinar slik at lover og forskrifter blir overheldt?

Me i næringshagen har mogleigheiten til å hjelpa di bedrift med økonomisk rettleiing og styring. Me har god kompetanse på økonomisk styring herunder internkontroll, budsjettering og likviditetsstyring.

Forretningsrettleiing

Forretningsrettleiing er eit tilbod til alle gründerar og bedrifter. Treng du ein sparringspartnar som har teieplikt og eit nøytralt perspektiv? Eller ser du etter nokon som kan hjelpe deg med å starte eller utvikle di bedrift? 

 

Me kan hjelpa med etablering av ny bedrift, corona-rettleiing, rettleiingsmøte gjennom målbedriftsprogrammet og rettleiing før søking til Ullensvang næringsfond.

Smelteverket 57
+47 536 50 700
Følg oss
  • Svart Linkedin Ikon
  • Svart Instagram Ikon
  • Svart Facebook Ikon