Corona-rettleiingstjeneste for næringslivet

Næringshagen i Odda tilbyr i samarbeid med Ullensvang kommune og Vestland fylkeskommune individuell rettleiingstjeneste for bedrifter som er råka av covid-19.

Me kan tilby:

  • Rettleiing i kompensasjonsordningar og tiltak for næringslivet

  • Vera ein samtalepartnar

  • Bistand til å søkja på kompensasjonsordningar

  • Økonomisk rettleiing 

  • Rettleiing i marknadsføring og endring av produkt

I samarbeid med Næringshagen i Hardanger og Næringshagen på Voss arrangerer me relevante kurs og arrangement for næringslivet. Desse vert annonsert fortløpande.

For å nytta seg av tilbodet, ta kontakt med Næringshagen i Odda via post@nhodda.no eller telefon til
Anna Gursli Langesæter, mob: 958 90 237

Me oppmodnar også til å melda seg inn i facebook-gruppa "Diskusjonsforum for næringslivet i Ullensvang kommune" der det vert lagt ut relevant informasjon for bedriftene, og ein kan stilla spørsmål.

Smelteverket 57
+47 536 50 700
Følg oss
  • Svart Linkedin Ikon
  • Svart Instagram Ikon
  • Svart Facebook Ikon