Teamet vårt: Breitt nettverk og kompetanse

Anna Gursli Langesæter

Dagleg leiar, prosjektleiar og forretningsutviklar

Anna er dagleg leiar og rådgjevar i Næringshagen i Ullensvang sidan mars 2020. Ho er utdanna siviløkonom og statsautorisert revisor frå Norges Handelshøyskole, og har mange års erfaring som revisor i Deloitte AS som er del av  ein stor global organisasjon, med ansvar for kundar innanfor eit mangfold av bransjar. Anna har brei erfaring med prosjektleiing, økonomistyring, internkontroll og skatt og avgift, og har eit stort nettverk mot både etablerte og nyetablerte verksemder. Ho har også god erfaring innanfor kultur og organisasjonsliv både lokalt og nasjonalt. Anna bistår også gjerne som fasilitator og arrangementsorganisator. Ellers driver Anna gard på Lofthus og brenner generelt for at Ullensvang kommune og Hardanger skal vera attraktive busamfunn for framtida.  

Mob: +47 958 90 237 | Mail: anna@nhodda.no

Øyvind Stueland

Prosjekleiar og forretningsutviklar

Øyvind er forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ullensvang sidan 2018. Han har eit breitt nettverk og er god på å setja saman riktige aktørar. Han har sjølv erfaring som  medgründer og kan mellom anna hjelpa nyetablert og etablerte bedrifter med strategiarbeid, prosjektleiing og kopling mellom ulike aktørar.  Øyvind har i NH arbeidd mykje med framtidsretta prosjekt som Hydrogen og Sider som er store satsningar lokalt. Gjennom mange år i Sparebanken Vest som banksjef og kunderådgjevar har han eit breitt regionalt nettverk, og er autorisert finansiell rådgjevar.  Øyvind har diplomoppgåve frå Handelsakademiet innanfor marknadsføring. Han har allsidig styreerfaring og særleg kompetanse innanfor forretningsmodellering, prosjektleiing og organisasjonsutvikling, og er sertifisert i forretningsutviklingsverktøyet GrowthWheel.

Mob: +47 913 81 407 | Mail. oyvind@nhodda.no

Sara Tokheim

Prosjektleiar/Ungt entreprenørskap

Sara er forretningsutviklar og prosjektleiar i Næringshagen i Ullensvang sidan februar 2020. Sara brenn for ungt entreprenørskap, utdanning og kompetanse i regionen, og arbeider med dette gjennom 50 % stilling i Ungt Entreprenørskap Vestland. Ho er dagleg leiar for Stiftinga Høgskolen i Hardanger og er prosjektleiar for ressursgruppa mellom utdanning og næringsliv i Ullensvang kommune. Ho har master i folkehelse og gjennom det brei forståelse for kva faktorar som er sentrale for å skapa attraktive lokalsamfunn.  

Mob: +47 950 27 039 | Mail: sara@nhodda.no

Renate Almelid Trengereid

Prosjektleiar/Trainee marked og kommunikasjon

August 2020 starta Renate opp i rolla som Trainee innanfor marknad og kommunikasjon i Næringshagen i Ullensvang. Ho er utdanna marknadsførar med spesialisering innen arrangementmarknadsføring. Renate vil vera ein stor ressurs innanfor merkevarebygging, marknadsføringskampanjar og digital marknadsføring, ho vil også bistå bedrifter med planlegging og gjennomføring av strategisk marknadskommunikasjon. 

Mob: +47 919 06 048 | Mail: renate@nhodda.no

Smelteverket 57,
Vestland
+47 536 50 700
Følg oss
  • Svart Linkedin Ikon
  • Svart Instagram Ikon
  • Svart Facebook Ikon